Arbeidsløysa er låg i Sunnhordland

I april registrerer NAV i region Sunnhordland 1,1 prosent heilt ledige av arbeidsstyrken. Det er ein nedgang på 68 personar i høve månaden før, men samstundes 94 fleire enn same månad i fjor.

– Me ser at effekten av kjende permitteringar er i ferd med å minka i april, sjølv om han framleis er der. Særleg ser me dette i Bømlo kommune. I alle høve er talet heilt ledige veldig lågt i Sunnhordland – særleg om me samanliknar oss med snittet for Vestland eller landet, leiar i NAV region Sunnhordland.

Snittet for heile Sunnhordland er på 1,1 prosent, som er ein del lågare enn gjennomsnittet for både Vestland (1,7 %) og landet (2,0 %).

I Sunnhordland er det i april lågast arbeidsløyse i Stord kommune (0,7 %), medan den er høgast i Bømlo kommune (1,9 %).

I april var det 529 ledige stillingar registrert hos NAV. Flest stillingar var det i Helse-, pleie– og omsorgsyrka (241) og Butikk- og salsarbeid (49).

– Me registrerer på nytt mange utlyste stillingar, og koplar dette til eit høgt tal utlyste sommarjobbar. Det er viktig at ungdommen gjer seg kjent med dei moglegheitene som er i arbeidsmarknaden Samstundes er me kjend med at fleire verksemder slit med å få tak i kompetansen dei treng, seier Lægreid

Inviterer til å sjå resultata frå NAV sin Bedriftsundersøkelse
Tysdag 7. mai lanserer NAV resultata frå sin årlege bedriftsundersøkelse. I Sunnhordland inviterer Lægreid til ein studiosamtale på video med Tora Myklebyst, frå Region Sunnhordland, og Anne-Karin Fossdal, kommunalsjef i Stord kommune.

– Resultata for Sunnhordland for oss ein god peikepinn på stoda i den lokale arbeidsmarknaden. Tala i fjor viste at ein tredjedel av verksemdene i regionen hadde rekrutteringsproblem. Årets resultat kan me ikkje kommentere før 7. mai. Me er spent på kva resultata for 2024 vil vise, leiaren i NAV region Sunnhordland.