Møtte spekkhoggarflokk i Langenuen

– Eit imponerande syn av imponerande flotte dyr, seier Kjetil Sømoe om møtet med sju spekkhoggarar i Nuen i kveldinga torsdag.  Padlande i kajakken hadde han nett runda Homandeneset på Huglo då det spesielle synet  «openberra» seg.

– Tre handyr med  lange  ryggfinnar symde på rekkje lenger mot Stord-landet. Tre  hudyr og det eg trur var ein kalv, symde tett ved Huglalandet. Eg var om lag 30 meter frå land, og desse fire passerte meg på «innsida». Det vart mykje lyd og pusting. Ikkje skummelt – mest facinerande, fastslår Sømoe,   – som fekk sjå nokre av spekkhoggarane igjen på padleturen  søndag.

– Meinar dei cruisar rundt i distriktet for tida, legg han til

Kjetil Sømoe har sendt  Stordront.no denne filmsnutten frå møtet med spekkhoggarane i Langenuen torsdag kveld.