Kvitt over dei stordske vidder

Kvitt frå Kattnakken til Mehammarsåto… (Foto: Steinar Hystad)

Det er sagt at det er mest som ein kan bli misunneleg på Tysnesingar og Kvinnheringar, når det gjeld usikten dei har i vesterleid.  For der ligg jo herlege Stordøy, fager og fin…

Ekstra fin i desse  vårdagar med sol og kvit rand frå rundt 500 – 600 meter og oppover.  Slik det såg ut frå munningen av Skjeljaviksundet  søndag,   skulle det vera nok snø for påskeskitur frå Kattnakken mot Mehammarsåto,  og vidare nordover.