Vermessig var vekestarten måndag aldeles eventyrleg, med flat sjø og sol frå nesten skyfri himmelkvelv og temperatur såpass i pluss at me fekk sjå nye konkrete vårteikn. Siktar her til den trauste og trufaste rabarbrarota som ser ut til å vera ferdig med endå ei vinterkvild. I løpet av siste dagane har nye skot, «knuppa» seg, og sendt tankane mot den gong det var ok å ta seg ein fersk rabarbrastilk og dyppa veksten i ein pose sukker og retteleg nyta første frukta… (eller snakkar me om grønsak)