Samarbeid kommune/HVL på Campus Rommetveit ?

(Ill foto: Google Maps)

Til komande møte i Utvald for  rehabilitering, helse og omsorg (RHO) har representanten  Knut Eide Løkhammer (V) meldt eit høgst interessant spørsmål til kommunedirektøren:

– Det er kjent for mange at Høgskulen Vestland (HVL) er i prosess om å reforhandla leigeavtalen med Statsbygg. Det gjeld kva areal og bygningsmasse HVL skal disponera frå 2025 og vidare, ved campus Rommetveit. Signal tyder på at HVL ikkje lenger har bruk for same areal som idag, og at det kjem endringar i bruken av høgskuleområdet. Samstundes treng Stord Kommune å legga til rette for omsorgsbustader i Nordbygdo i løpet av dei neste åra. Me i Venstre ser spennande synergiar i at kommunen kan ta del i utviklinga av campus Rommetveit og Nordbygda.

– Campusområdet er eit godt etablert nærområde med god infrastruktur og mange kvalitetar.

–  Sjukepleiarutdanninga som ligg der i dag, kan inviterast med for å legge til rette for praksis

–  Kantinedrifta på HVL har god kapasitet og er open for alle

–  Me kan håpe at Statsbygg ser seg tent med eit langsiktig samarbeid med kommunen. Døme: I Grimstad er dei i gang med å utvikle verdas første universitetssjukeheim i samarbeid med kommunen og Universitetet i Agder samt Fagskulen i Agder. Slike samarbeid synes me kommunen, Statsbygg og HVL skal bli inspirert av.

Spørsmål til kommunaldirektøren: Er det aktuelt for kommunedirektøren å gå i dialog med Statsbygg, for å vurdere om det er nye måtar å nytte deler av høgskuleområdet på?