Kvar kan kajakkar sjøsettast?

Mange private bryggjer i området ved gamle ferjekaien i Sagvåg.

Rådgjevar innan idrett og fritid i Stord kommune, Sylve Rusten, kjem med  interessante innspel til arbeidet med arealdelen av kommuneplanen: – Kvar er det fritt fram for å sjøsetta kajakkar eller kanoar for den som vil på padletur?  

Rusten er Stord sitt medlemen i eit samarbeid med Bømlo og fylkeskommunen og padleforbundet, der ein jobbar med  padleruter i kommunane. Det vanleg for slike  opplevingar, er å setja farkosten på sjø ein høvande stad i nærleiken av planlagd padletur.  Når ein så har sett  etter høvande strandsone i Sagvåg, viser det seg at det er godt  «privatisert» langs sjøkanten.  Ein del  flytebryggjer skal ha avtale med fylket, som eigde  ferje- og ventekai før kommunen tok over.

– Kan alle desse anlegga vera omsøkte? Ei privat bryggje kan vel ikkje nyttast at padlarar, utan løyve? Kan ein regulera inn  tilgang for ålmenn bruk gjennom reguleringsplanen for  Sagvåg? 

Desse problemstillingane meiner Rusten  er verd å ta med seg i kommuneplanen.