I alle fall seks mørke lyspunkt

– Ja så mørkt var det ved busstoppet/rundkøyringa ved Sjukehuset tysdag ettermiddag. Ingen ting å seia på lysrekka vidare oppover Tysevegen. (Foto: Steinar Hystad)

Mangel på lysande pærer  kring den kombinerte rundkøyringa og busstoppet ved Sjukehuset , vert særs merkbar no i den  mørkaste tida av året. Særs merkbar i desse dagar med lågt og regnfullt skydekke i tillegg.   Faktisk var det tysdag ettermiddag så mørkt i området, at  tipsaren  i saka er usikkert på om han såg alle mørke lyspunkta.

–  Eg talde i alle fall seks  pålar med armatur på toppen, og dei var beksvarte alle i hop.  Med  den store trafikken til og frå sjukehuset er dette alt for dårleg –  og farleg.  Ber  rette instans ta affære og få på lysa straks, lyd meldinga.