–  No er her ledig for bussventing

Sandras Grill har avslutta drifta. Bygget i nordenden av grand/folkehøgskulen var i si tida bygt som venterom for bussreisande (Foto: Steinar Hystad)

Langs den flotte nyevegen frå Bremnes sentrum/Svortland til Føyno er det tre venteplassar for buss – alle med kjekt ventehus  med fasilitetar for toalettbesøk. På ferjekaiane rundt om like gode ventevilkår. Men når stordront.no passerer  Leirvik bussterminal ein rimeleg vertrist desemberdag, ein av desse med vassrett regn i motvind, då er det grunn til å synast synd på dei som ventar på kollektiv skyss. Eit smalt skur som manglar ein vegg, gir ikkje særleg med ly.  Det gjer ikkje papirplanar for venterom eller ny «stasjon» heller, for så vidt.

Difor hadde det hjelpt å sjå til ledige lokale litt lenger oppi gata, der står eit sentralt anlegg som kan fungera som framifrå lunt og fint venterom. Eit anlegg i si tid bygt av kommunen nettopp med tanke på bussterminal for folk til og frå byen og for pendlande på jobbreise. Det er ikkje så lange biten frå nordenden av Folkehøgskulen/tilegare Grand Hotell, og ned til snøggbåtane. Kommunen valte sidan å selja lokalet, som siste åra har vore pizza- og kebab-utsal.

Så greie lokale bør ikkje stå tome når byen treng venterom. Kanskje på tida å sjå nærare på eit leigetilhøve, i kompaniskap med transportselskapa? Det er god plass til fleire bussar om gongen på plassen utfor.