Julekonsert i Huglo Bygdehus

Tidlegare ordførar i Fitjar, Harald Rydland –  med vener –  er med på julakonserten på Huglo.

Laurdag 16.desember vert det julakonsert i bygdehuset klokka 15.00. Samarbeidskorpset Huglo-Onarheim er godt i gang med førebuinga. Det vert tradisjon tru rom til både allsang, julestemning, enkel utlodding, kaffi og kaker. Og, –  som eit ekstra musikant krydder på konserten får me besøk av Harald Rydland, Lisa Instefjord og vener  frå Fitjar. Vel møt til ein triveleg ettermiddag, står det å lesa på Huglo.no.