I tidlegaste laget for uteservering

oznorCOBRHegren stod stødig på ein fot  på gelenderet… (Foto: Steinar Hystad)

Ryktet om at Kaisvingen Kafe har eit kjekt areal for uteserving på sjøsida, ser ut til også å ha nådd inn i flokken av  meir og meir menneskenære hegrar kring Leirvik hamn. Men  hegren. av imponerande storleik,  som slo seg til på toppen av gjerdet rundt plassen  i  lunsjtida onsdag, hadde nok bomma på årstida.  Kaisvingen driv ikkje utservering i desember, då er det enklare å få tak i  godbakst utandørs når det dreg seg til med vårleg temperatur.

Men det  skal hegren ha, at han sytte  for ei  triveleg naturoppleving  til kaffien og rundstrykka,  til veninnekvartetten kring næraste bordet  inne…