Ikkje skeise-energi til nyeskulen

Frå nyeskulen på Vabakkjen er det godt utsyn til skeisebanen på Vikahaugane, men energien derfrå har fylkeskommunen sagt frå seg. (Foto: Steinar Hystad)

Samstundes som det blir produsert  is på banen på Vikahaugane, blir det produsert energi til oppvarming av bygg. Mellom anna til  Stord vidaregåande på Saghaugen.  I kommunestyret vart det i 2019 vedteke at det skulle jobbast for å optimalisera enegrileveransen frå skeisebanen, eit arbeid som i seinare tid har fått eit «startskot for baugen».

I arbeidslista til kommunedirektøren, framlagt for Utvalet for oppvekst og kultur i desember,  vert denne utfordringa presentert:

«Det er sett ned ei arbeidsgruppe der m.a. fylkeskommunen deltek med sikte på å få levera energi til dei vidaregåande skulane på Saghaugen og Vabakkjen. Det blir no levert energi frå skeisebanen til vidaregåande skule på Saghaugen. Fylket her trekt seg frå planen om å få energi frå skeisebanen til det nye bygget på Vabakkjen.»