Konfirmantar på lysmesser

Frå lysmessa i Stord kyrkje søndag som var, der konfirmantane frå Nordbygdo tok del. (Foto: Steinar Hystad)

– Det er 170 konfirmantar hos oss dette året. 34 soknar til Nysæter. Konfirmantane er delt inn i mindre grupper, og har gruppesamlingar gjennom heile året. Konfirmantane frå Nysæter brukar Nysæter kyrkje, medan konfirmantar frå Stord og Nordbygdo ungdomsskule brukar aktivt Kyrkjestova Fredheim i tillegg til Stord kyrkje.

Dette opplyser Solveig Høyland,  kyrkjelydspedagog og ansvarleg for konfirmantundervisninga i kommunen til stordront.no.   

– Første søndag i advent hadde me to lysmesser i Stord kyrkje, som konfirmantane frå Stord og Nordbygdo ungdomsskule deltok på. Førstkommande søndag, 10. desember kl. 19, er det lysmesse i Nysæter kyrkje for konfirmantar frå Nysæter ungdomsskule. Lysmessene er ein viktig del av konfirmantførebuinga, som mange konfirmantar og foreldre er glade for å delta på. Sjølv om lysmessene i stor grad er for og med konfirmantar, er alle velkomne. Lysmessene er fine å få med seg i adventstida, seier Høyland.