Båthotellet vil overta kommunekaien på Tonjen

Tonjen  kai treng sårt reparasjon – kommunen har stengt kaien for bruk. (Arkivfoto: Steinar Hystad).

«Kommunestyret ber om at Tongaskjer  kai på Huglo vert lagt ut for sal, under føresetnad om at ny eigar gjev tilgjenge til innbyggarar å nytte seg av den ved ledig kapasitet.»

Med 18 røyster frå koliasjonen Frp, H, V og KrF, mot 17 røyster frå oposisjonen, vart ovanståande verbalforslag vedtake som tillegg til  2024-budsjettet for Stord hamn, då saka var føre i kommunesturet 30. november.   Frå både Ap og Sp (i mindretalet) kom det forslag om leggja  den sårt trengte kaivøla inn i budsjettet neste for neste år, slik lovnaden frå kommunen har vore.Med gjeldande vedtak i botnen, kan saka no få ei ny vending.

Sunnhordland Båthotell AS, som driv si verksemd i tidlegare møbelfabrikk på  nabotomta, har merka seg viljen til sal, og minner i brev sendt ordføraren tidlegare denne veka om det skriftlege kjøpstilbodet som vart overlevert alt i mai 2021. Det har så langt ikkje kome skriftleg svar på tilbodet, berre ei munnleg om at sal den gong ikkje var i kommunen si interesse.

– Overtaking/kjøp av Tonjen kai er framleis i vår interesse. Me  ønskjer å rusta opp hovudkai slik at den kan ta imot større fartøy, samt etablera ei organisert båthamn med parkering på innsida av moloen mot vår eigedom. Gjerne i samarbeid med lokalt båtlag. Båthotellet  ønskjer at kaianlegg skal kunna nyttast til ålmenn ferdsle for fastbuane og gjester – i tillegg til vekst i bår bedrift, heiter det i  brevet sendt ordførar Sigbjørn Framnes.