Tilskot til kyrkje og kultur

Stord Maritime Museum på Nattrutekaien kan venta kroner 100.000 i støtte frå kommunen 2024.

I framlegget til budsjett for Stord kommune 2024 nemnte den administrative leiing på å kutta i løyving til diverse prisar og tilskot på kulturområdet: Det  ville ikkje  fleirtalskoalisjonen, som med 18 røyster (mot 17) vedtok desse  løyvingane:

– Stord kommune gjev Stord kyrkjelege fellesråd eit driftstilskot for 2024 på kr 9 652 521. Kr 90 000 av tilskotet er øyremerka tilskotsordninga til kremering. Kommunestyret legg til grunn at fellesrådet fastset ein tilskotssum for etterletne som vel kremasjon og forvaltar ordninga med kremasjonsstønad innanfor den fastsette ramma.

–  Støtte til kulturinstitusjonar:  Stord Maritime Museum, kr 100 000 Venskap Stord-Comalapa, kr 25 000 Huglo Bygdalag, kr 50 000

–  Utval for oppvekst og kultur får i tillegg fullmakt til å fordela kr 400 000  i driftstilskot, underskotsgaranti til lag og organisasjonar, samt prisar, etter søknad/nominasjon og i samsvar med kommunestyret sine retningsliner. Kommunen vil halda fram med å løyva kulturpris, eldsjelpris, målpris, seniorpris, pris for godt tilgjenge, og kulturstipend, prisane vert utdelt frå Utval for oppvekst og kultur.