Første i advent

Så var me endeleg komne fram til helga med søndagen for tenning av første adventlyset 2023. Og då er det berre tre småtravle veker til me kan tenna det fjerde lyset – på sjølvaste julaftan.  Rart korleis det lagar seg i denne kalenderen…

Nokre ordtak frå  Ola Høyland si samling i bygdeboka (av 1972) kan vera greie å ta med på  juleferda:

– Da e ingen so forspøre seg, sa guten, han va’ på frieri.
– Ein tufs kan spørja meir enn ti vise kan svara
– Hu styre bå’ stakkjen og brokjo. (om ei kona som er råderiken i heimen)
– Da er enten svengjen elden sprengjen (det er ikkje måte med det, ein får anten for mykje eller for lite)
– Eg e’ vane me’ da, sa ma’n, da gjekk på tap.

Så nokre ord som var på veg ut av stordamålet alt for 50 år sidan:

– Børt = etter tur
– Byrting = lyn, verblink
– Byrting = lyn, verblink
– Deisa = detta, falla
– Didla = logra
– Dorma = halvsova, ikkje skikkeleg svevn, eller retteleg vaken.

God helg skal de alle ha.