Julekonsertar gir gode stunder

Stord con Spirito under leiing av Tore Kloster  i Nysæter kyrkje. (Foto: Steinar Hystad)

– Fram mot jul skal det haldast 400 julekonsertar rundt i landet vårt, annonserte nyhendeopplesaren i Dagsrevyen her ein kveld. Reportasjen som følgde bar med seg bilete og prat med nokre av dei landskjende artistane som i dagane fram mot sjølvaste Afta er på turne rundt om i landet.  

Stordront.no meiner i denne samanhengen å ha belegg for påstand om at det vil bli halde mange fleire enn fire hundre, kanskje tusenvis fleire, iulekonsertar i Noreg. I Dagsrevyen vart diverre ikkje dei lokale song- og musikk-kreftene som har gode tradisjonar med førjuls-konsertering, tekne med i oppsummeringa. Det burde sjølvsagt vore gjort, for her er mykje gildt å høyra.

Stordront.no sin utsende var lyttande på tilhøyrarplass to gonger i helga som var:

I Huglo Kapell var det laurdag  konsert med jubilerande Tysnes Kammerkor, som baud på programmet «Høyrt ‘an før?». Ei gild blanding av verdsleg og meir lødig stoff. God applaus støttar opp under alt som er sagt om at Tysnes kammerkor har opparbeidd seg ein god klang. Trent Bruner dirigerte, pianist var Irene Simonsen.

Søndag ettermiddag var det gilde røyster å lytta til frå songarinnene i Stord con Spirito i Nysæter kyrkje. På menyen stod «Franske meisterverk til førjulstida». Dirigent Tore Kloster innleia med å seia som sant var, at dette var fleire hundre år gamal musikk, men likevel lett svingande så ein fekk lyst å trø dansen. Robin Walker og ein ung strykekvartett frå Oslo ordna meisterleg tonefølgje.

Ein kikke innom  kalenderen på Stord kyrkjekontor si nettside fortel om konsertar med lokale krefter helgane i advent.  Møt fram til gode  song- og musikkstunder.

Tysnes kammerkor på jubileumsturne til Huglo Kapell laurdag. (Foto: Steinar Hystad)