Hundane si helg på Vikahaugane

Nokre av dei 650 hundane som var med på utstillinga i helga. (Foto: Steinar Hystad)

650 hundar fordelt på 240 rasar var påmeldt Fitjar – Stord Hundeklubb si utstilling på Vikhaugane denne helga.  Det er  fast at hundar med eigarar inntekt og idrettshallane andre helga i november. På sitt høgaste nivå var det ca 1000 hundar med, etter koronaen har det vore noko mindre.

Men leiaren i klubben, Kurt Samuelsen, seier seg nøgd med deltakinga. Det same sa domarane om  kvaliteten på rasehundane: Godt nøgde og det vanka mange sløyfer. Domarane i år kom frå Finland, Sverige, Nederland og Noreg.  Hundane, med eigarar, kom frå heile Vestlandet.

Fitjar – Stord Hundeklubb, skipa 1983, kan feira 40-års drift med 200 skrivne medlemer.