Kina –  sette ny «rekord» for Senioruniversitetet

Fullsett i storsalen då Kjersti Strømmen kåserte om «Mitt liv i Kina». (Foto: Steinar Hystad)

Bømlo Kulturhus har 350 stolar å by publikum i Storsalen, måndag denne veka vart det selt billett til 349 billettar  til foredraget  «Mit liv i Kina» – med NRK-journalist Kjersti Strømmen. Det er rekordframmøte til forelesing ved Sunnhordland Senioruniversitet.  «Studentane» kom frå  heile regionen og til dømes var det mange stordafjes å sjå.  

Strømmen har vore  korrespondent i Kina og Austen i ti år, har lært seg språket i det nest folkerikaste landet i verda (nett forbigått av India). Hytta på Bømlo er gjerne basen når ho er i Noreg. 

Fullsett i storsalen då Kjersti Strømmen kåserte om «Mitt liv i Kina». (Foto: Steinar Hystad)

Med bustad i gamlebyen i Beijing  og  fritidsbustad oppunder den Kinesiske mur, har journalisten fått god innblikk i den kinesiske kvardagen og utviklinga som har vore.  Strømmen la ikkje skjul på at det tidvis kunne vera vanskeleg å arbeida med saker i eit framleis nokså lukka kommunistisk land – med 1,4 milliardar innbyggjarar. Men det var alltid givande og spennande. Ein  ny  korrespondentperiode til  Kina står på ønskjelista, sa ho til eit interessert  stillelyttande – og til slutt sterkt applauderande publikum.

Forelesingane i Bømlo kulturhus er lagt i to økter med  kaffi og lappar i pausen. Neste samling er 21. november, då med ein annan NRK-journalist på scenen: Stordabu Halvor Folgerø,  som skal kåsera om ville vestalandsvegar som han har skrive bok om.   Siste samling i år blir  5. desember  med trubadurane  Tor Olav Sønnervik og Tor Olav  Steindal. Emnet er «Møte med Beatles og Rolling Stones».