Kor lang tid skal det ta å fiksa gatelys?

«Er det slik at det skal ta «år og dag» å få fiksa eit gatelys? Eg har forståing for at ein prioriterer dei områda med mest trafikk, men det har gått over 600 dagar sidan tilfellet vart meld inn førte gongen»

Reinert Svanberg (FRP) har meldt dette spørsmålet til første møtet  i Utval for byutvikling, etter valet i haust.  Svanberg viser til ei tilvending han har fått frå innbyggjar, som undrar seg på korleis kommunen handterer reparasjonar av gatelys.  I februar 2022 bles ein  lampe i Valevegen ned, i mars 2022 vart kommunen og Haugaland kraft varsla, men fram til oktober i år har ingen ting skjedd . – Det er bekmørk, og beint fram farleg å henta posten, opplyser klagaren.

– Kva seier avtalen kommunen har med Haugaland Kraft om dette? Har me alternative tilbydarar, spør Svanberg.