Lysande kristtorn i Gropo

Kristtornemblemet pyntar fint på betongen i Gropo. (Foto: Steinar Hystad)

– Ka ska du ta bilde av?

– Dåke har jo fått så flott lysbilde i skatebanen. Ser dåke ka da e?

– Ser ut så kristtorn. E i jaffall tøft.

– Dåke har heilt rett.

Det vart ein koseleg prat med gutane som trente på sparkesyklane i Gropo i kveldinga måndag.  Dei lurte litt på det nye flotte biletet  i raudt og gult som spegla seg i betongdekket.  Blei sendt frå ein projektor på eine lysmasta i aktivitetsparken. Og dei lytta interesserte på stordront.no sin informasjon  om at det var nettopp den raudgrøne julepynten kommunestyre hadde valt som «kjenneteikn», også omtalt som kommunevåpen, for  Stord.

Denne hausten ber kristtorntrea rundt på øyane våre mykje bær.