![](https://usercontent.one/wp/www.stordront.no/wp-content/uploads/2023/10/hakkespett-i-telefonstolpe.jpg)
Jakob Vik var søndag ein av mange som brukte det supre haustveret til turgåing. Som alltid med kamera klart i tilfelle gode motiv skulle dukka opp. Det gjorde det ved passering ein påle på Høyland, der ei flaggspett med taktfaste bankelydar dreiv materialtesting.
Beint imponerande kva krefter det finst i nakkepartiet på desse fuglane.