God helg – gode lesarar

Natt til søndag skal urverket svitsjast over på vintertid (vri ein time i revers, mot sommaren) og i stordront meiner me dette er eit framifrå høve til å ønskja ekstra god helg til vår aukande lesarskare. Blir ny klikk-rekord igjen i oktober!  Ultralokalt nært-og-kjært-stoff ser ikkje ut til å ha gått av moten. Så takk for da!

Band I av Stord Bygdebok «Stord i gamal og ny tid» kom ut i 1972 med Ola Høyland som skrivar.  Ei høgst triveleg bok å lesa i  framleis, og stadig blar me opp til sidene med  ordtak og fyndord og samlinga av  «Ord som held på å forsvinna frå Stordamålet», (for 51 år sidan).

Her nokre  gamle stor’a-ord med forklaring:

Akkedas = ordkast, trettast

Akkedering = tinging, forhandling

Alvskot = vond kul, også omtalt som tussabit

Ordtak og fyndord kunne gå som her:

Aust elde vest, heima e best.

Når den litle kjem te velde, e der korkje vet elde attehelde

Da var gale fysta, si’o vart da verre.

Ei kjapp smilesoge kan vera greitt å ta med inn i helga. Denne kjem frå ein skulestil: «Når far har ete middag, legg han seg på lur på sofaen…