Ordføraren går – fartsgrensa står

Fitjar kommune ønskja at  desse skilta sel vekk – til fordel for 60 km/t  heile strekket frå sentrum til Rydland. (Foto: Steinar Hystad)

– Eit nytt døme på at fartssaker tek tid. Me har purra gjennom året og fått opplyst at det også må hentast inn uttalar frå politi og Statens Vegvesen. Men ønskje frå Fitjar kommune står sjølvsagt ved lag, sjølv om det  snart blir ordførarskifte, seiar avtroppande Harald Rydland til stordront.no.

I ordførarperioden som blir avslutta 18. oktober, har han i brevs form jobba jamt for å få vekk skilta som opphevar 60 sona på Tveita  for sørgåande trafikk og på Årbø for nordgåande. Sona med 80 km/t  mellom nemnde punkt  er gjort unna på 10 – 15 sekund med bil, og går gjennom eit område med fleire utfordringar. Mellom anna inn- og utkøyring til parkeringsplassen på Dalshaugane.

– Me meinte å ha mange gode argument for 60-sone heile vegen frå Rydland til  sentrum i brevet sendt frå kommunen 3.januar i år, kor  også vegeigar Vestland fylkes vart invitert på synfaring.  Når ønska vedtak enno let venta på seg, får trøysta vera at det i alle fall blir jobba med saka , seier Rydland.