One Ocean Expedition – jordomsegling med Statsraad Lehmkuhl for eit berekraftig hav
Velkomen til Stord Maritime Museum tysdag 17. oktober, når ekspedisjonsleiar for One Ocean Expedition og direktør for
Stiftelsen Seilskipet Statsraad Lehmkuhl, Haakon Vatle, fortel om planlegging og gjennomføring av den
20 månader lange jordomseglinga. Her vil han og fortelja om kursen vidare for Statsraad Lehmkuhl.