Uventa fangst PÅ hummarteina

To sterkt tilgrodde teiner, hengde seg på då hummarteina vart halt opp frå sjøen ved Huglo. (Foto: Steinar Hystad)

– Me lurte fælt på kva dette kunne vera, tysdag morgon var hummarteina  uvanleg tung å dra opp. Heldigvis er båten utstyrt med elektrisk opphal og så var det godt å ha hjelp av to sterke barnebarn å få «fangsten» over ripa. Ingen hummar denne dagen, men der me sette ei teine drog me opp tre i same halet, fortel Hedvig Flornes på Huglo til stordront.no.  

Dei to teinene som hengde seg på var bundne saman, og verkar til å vera attståande fangstreiskap for leppefisk. Sterkt tilgrodde  som dei var, har dei nok lege på botnen eit par sesongar.

– Skulle noko sakna teinene står dei ei stund på kaien på Nordhuglo, før  dei blir flytta til næraste miljøsentral, tipsar Flornes.