Smalare sykkelveg Heiane-Vabakkjen

Ser ikkje ut for at det kjem rundkøyring på Tveita. (Foto: Steinar Hystad)

Bompengar frå  Stordpakken skulle vera med og finansiera  ein 5,5 meter brei  gang- og sykkelveg frå Heiane til Vabakkjen.  Stordpakken blei til slutt avvist av Stord kommunestyre – og no kjem melding frå vegvesenet  om at: – utan «pakkepengar» blir dette berre nok midlar til gjennomføring av redusert alternativ.

I meldinga frå vegvesenet 18. september i år står det skrive:

– Me byggjer  gang- og sykkelveg frå Heiane til Vabakkjen med redusert breidde frå 5.5 meter til 4,5 meter. Det er dokumentert i en mobilitetsanalyse at dette er tilstrekkeleg breidde basert på folkeveksten i området.

– Me byggjer støyvoll som regulert. Me byggjer ikkje gangbru over E39 og me byggjer ikkje rundkøyring på E39»