Nordbygdo bedehus er no St. Mikael kapell

Skilt med rett namn er komen på plass på tidlegare Nordbygdo bedehus. (Foto: Steinar Hystad)

På seinsommaren i 2021 kjøpte den katolske menigheten i Haugesund, St. Josef, Nordbygdo bedehus. Fram til då måtte menigheten leige bedehuset for å arrangere katolsk messe første søndag kvar månad. Sidan oppkjøpet har lokalet vorte tilpassa til å fungere som katolsk kapell og i samband med renoveringa er no skilt med høvande namn komen på plass: St. Mikael kapell..

– Dette er ei gledeleg nyhende for alle katolikkar som bur i området, sa sognepresten i St. Joseph menighet, p. Paweł Wiech i følge St. Paul menighet sine heimesider straks kjøpet vart gjennomført. – Lokalet vil skape bedre vilkår for menigheten sitt barne- og ungdomsarbeid og for familiar som bur i grenseområdet mellom St. Josef (Haugesund) og St. Paul (Bergen) menighet.

Dei fleste katolikkane på Stord kjem opprinneleg frå Filippinene.

Nordbygdo bedehus er sidan oppkjøpet tilpassa til å fungere som katolsk kapell – St. Mikael kapell. (Foto: St. Paul menighet)