«Ny vår» for Ådlandsstova – med ny åra

Gamle solide bord, nye benker, nytt golv og ikkje minst, ny åra. Dei var godt nøgde med testen av eldstaden (f.v.)Tømrar Arne Aadland, driftsleiar ved museet Martin Årvik og prosjektleiar Bjørn Arve Lunde. (Foto: Steinar Hystad)

– Frå  år 1500, med god margin til begge sider, har ekspertisen sagt om alderen på Ådlandsstova.  Røykstova stod på garden Ådland fram til 1934, då eldste trebygget på øya vart flytta til Sunnhordland Museum si samling i  Parken.  Siste tida har stova fått ei solid innvendes rehabilitering, etter lengre tids søknad og godkjenning frå mellom andre Riksantikvaren.

– Me veit at Ådlandsstova  tidlegare vart brukt til forsamlings- og festlokale og at det var tregolv.  Det er no  kome attende i form av spilskoren furupanel, festa med trenaglar. Likeeins er det kome inn ein  ny sentralt plassert eldstad, ei åra, som det var vanleg å ha i denne type lokale, forklarar prosjektleiar og bygningsvernkonsulent  Bjørn Arve Lunde.

Ein morgon denne veka vart det nygamle installasjonen testa,  med tørr bjørkeved som varmekjelde. Elden loga som han skulle, og røyken fann veg opp og ut ljoren i taket, slik han skulle. Det gjekk ikkje lange stunda for godvarmen spreidde seg i det trauste lokale – som også har fått nye benker langs veggene.

Elden loga i åra og røyke steig og forsvann ut ljoren – nett som planlagt. (Foto: Steinar Hystad)

– Av dei mest givande oppdrag eg har vore borti, seier  tømrar Arne Aadland, som har lagt nytt golv og bygt benkene i den rehabiliterte stova.

Ekstra kjekt er det å tenkja på at bygget lenge stod på garden eg ættar frå, legg han til.

Murar Sigurd Tyse har bygt åra,  med stein frå Jondal.

– Med det som no er gjort, vonar me på  «ny vår» for Ådlandsstova som eit unik festlokale. Her kan ein gå i finstasen, konkluderer Lunde.

Ådlandsstova – er rundt 500 år gamal. Vart flytta frå Ådland til Sunnhordlandstunet i 1934. (Foto: Steinar Hystad)