Fekk Miljøfyrtårn sertifikat

Ordførar Gaute Straume Epland, Morten Hillestad frå Fargerike Malerboden, Eva Tyse og Bernt Øyvind Vad frå Engelsen Entreprenør AS. (Foto: Haldis Lauksund, Stord kommune)

Torsdag fekk Fargerike Malerboden og Engelsen Entreprenør AS overrekt Miljøfyrtårn sertifikat av ordførar Gaute Straume Epland i kommunestyret.

– Det er ein hyggeleg tradisjon i kommunestyret at me deler ut diplom til verksemder som er sertifisert som miljøfyrtårn. Sertifiseringa er eit kvalitetsstempel. Det krev eit omfattande og grundig arbeid på ein rekke området i verksemdene, så de har all grunn til vera stolt og godt nøgd med seg sjølv når de får eit slikt bevis, sa ordførar Gaute Straume Epland.

Miljøfyrtårnsertifisering inneber at verksemdene har ein miljøstandard og rutinar som er i samsvar med krava. Verksemda kan dermed dokumentera at strenge krav innan tema som: 

– arbeidsmiljø
– innkjøp
– energi
– transport
– avfall
– utslepp
– estetikk

Morten Hillestad mottok diplom for Fargerike Malerboden, og Eva Tyse og Bernt Øyvind Vad mottok diplom for Engelsen Entreprenør AS.

Denne saka er henta frå Stord kommune sine nettsider etter avtale,