Kulturskatt under grøne blad

Under det grøne står stabbesteinar, dei bør ha førsteretten i Kaisvingen. (Foto: Steinar Hystad)

Mykje eføy, nokre lauvfulle småtre, tre fire stikkebuskar og eindel gras, har fått veksa i fritt løp så lenge at  kulturskatten i  Nordre  Kaisving for tida er «bedekka» og ute av syne.  Me siktar naturlegvis til  dei staslege stabbesteinane langs øvre del av vegen frå Borggata ned mot Nattrutekaien. Inge tvil om at dei stødige steinane (med røyr-rekkverk på) er eit særmerkje for byen vår, og særmerkje både bør og skal me ta vare på.  For nokre år  sidan vart stabbesteinane klypt fram i dagen, det er på tid å gå på ny runde med  hekksakser.