Går mot skifte i Stord

Sjølv om Arbeiderpartiet framleis er størst ligg den borgarlege blokka godt an etter gode resultat for både Høgre og Framstegspartiet.

Slik valresultatet førebels ser ut er det borgarleg fleirtal med knappast mogleg margin. Ei borgarleg koalisjon (H, FrP, V. Industri- og Næringspartiet) har 18 mandat mot dei raudgrønne (Ap. Sv. R. Sp) sine 17. Dermed ligg det an til eit maktskifte i Stord kommune – om ikkje nye koalisjonar dukkar opp.

Litt intern spenning er det òg på borgarleg side. Slik det er no er Høgre størst med 8 mandat mot Framstegspartiet sine 7, men i følge valgresultat.no kan dette fort bli motsatt. Kven som dreg det lange ordførar-strået står det dermed att å sjå.

Under finn du oversyn over valresultata i kommunen. For meir utfyllande resultat sjå innom valgresultat.no

PartinamnOppslutningEndringMandat
Arbeiderpartiet27,2−3,510
Høyre19,9+4,18
Fremskrittspartiet19,7+1,87
SV – Sosialistisk Venstreparti8,4+2,43
Kristelig Folkeparti5,9−1,02
Industri- og Næringspartiet5,5+5,52
Venstre3,9−0,11
Senterpartiet3,3−10,01
Rødt2,5−0,41
Miljøpartiet De Grønne1,8−0,70
Konservativt1,2+1,20
Norgesdemokratene0,7+0,70