Fjerdeslåtten i lun haustsol

Fjerde slåtten i år tok Erik Willgohs på Vestbø 9. september. (Foto: Steinar Hystad)

–  Den milde starten på første haustmånaden gav raigraset ein «boost», og då høvde det godt å nytta dagen med sol og vind til å ta fjerde slåtten, så langt i år?

– Så langt?

– Ja, eg ser ikkje bort frå at det kan laga seg med ein femte slått når me skriv oktober. Vekstviljen hjå graset er der framleis, men det må ikkje bli for vått i bakken, seier mjølkebonde Erik Willgohs på Huglo. Fineveret laurdag vart brukt til slått på Vesbø, eit stykkje  bonden frå Sørhuglo paktar på Norhuglo.

Samla sett er han godt nøgd med årets forproduksjon. Likt i tal rundballar som tidlegare gode år, men med betre verdi på kumaten når friskt gras blir både slått, tørka og pakka på ein og same dag.  Og kvalitetsfor blir det god  mjølkeyting av.