Godt fjellbeite – lamma heim i dobbel vekt

Vel 2000 sauer har hatt ein god sommar i Stordfjellet. (Foto: Steinar Hystad)

– Sommaren i år har vore god for dei aller fleste av  sauene som halde til i vår lokale fjellheim, og me kan leggja til særs god for årslamma. Mange av dei hadde ei vekt på 25 kilo då dei gjekk opp Vatnadalen, Tyseskaret eller Kattkakkevegen til beiteområda. Nåla på vekta ved heimkost sist helg, viste 50 kilo.  Så dei har ete godt, seier  lagleiar  Tor Atle Sørheim  i Stord sau og geit.

Samspelet turbruk og jordbruk i Stordfjellet, har stort sett gått greitt.  Eitt  tilfelle med tragisk utfall etter laushundangrep mot lam, er meldt inn.

Elles er turfolket  blitt flinke å melda frå når dei ser  skadde sauer, eller dyr i skårfeste. 

Hovudsankinga vart gjort sist helg, komande helg blir det ein del ettersanking  og Sørheim seier takk for hjelpa  til dei som møter på sau og gjetarar på heimtur, om å ta eit steg til sides og sleppa dyra uhindra  nedover.