Fitjar bør heidra skulptur av «Potet-kona»

Vidar Bratlund Mæland sitt utkast til «Potet-kona»

– Denne har berga fitjar-buen gjennom fleire generasjonar!, sa Karvel Strømme og heldt opp eit prakteksemplar av ei Fitjarpotet som avslutting på kabareten «Håtta du», framført av Osternes Mannskor. Det handla  om fitjar og potetdyrking. No meiner  Strømme tida er den rette for å heidra kona på  potetgarden.

– Sjølve potetfarten frå Fitjar til Bergen har fått mykje merksemd , m.a. med ein eigen film om temaet. Poenget mitt var – og er framleis – at Fitjar bør gjera ære på denne tida, desse menneska og denne næringa ! Går me inn på heimesidene til kommunane langs kysten, ser me at dei har gjort dette ved å setja opp skulpturar som illustrerer nettopp dette : Ei næring som har vare viktig for kommunen gjennom historia. Kjem du til Bekkjarvik, står «Sildajento» på bryggja, laga av kunstnaren Arne Mæland, og avduka av dronning Sonja i 2009. Skal me gjera noko liknande i Fitjar, er eg ikkje i tvil om at dette må bli ei «Potet-kona», skriv Strømme i brev til ordførar Rydland. Og legg til:

– Me veit jo at det var oftast koner og born som sleit i åkeren, men det var mennene som drog til bydn med avlinga. Ho må stå der, med skaut på hovudet og potetgrev i handa .Ved sida av seg må ho ha ei kipe full av den dyrebare poteten. Eg ser ho for meg, i full storleik,ståande pa ein fin plass ved Fitjar kultur-fog idrettsbygg  på eit lite fundament, så ho blir godt synleg frå alle kantar.

Strømme har vore i kontakt med kunstnaren Vidar Bratlund Mæland, (son til Arne Mæland ) som har laga fleire bronseskulpturar rundt om i landet. Han har laga eit utkast, ein miniatyrmodell, slik som han tenkjer seg skulpturen. Støypt i bronse og montert på sokkel vil ein slik skulptur kosta mellom 450 000 og 500 000 kroner.

– Eg oppmodar med dette kulturavdeling og kommunedirektør, til å førebu ei sak som kan leggjast fram til politisk handsaming, avsluttar Strømme.