Færre hjortar å jakta på

Fem hjortar beitande på innmark, treng ikkje vera eit uvanleg syn der hjorten trivest. (Foto: Steinar Hystad)

I følgje det  særs detaljerte Hjorteviltregisteret.no, er det ein del færre hjortar som kan fellast i Stord og Fitjar denne hausten i høve til fjoråret.

Fitjar står oppført med løyve til å fella 250 dyr, mot 332 i 2022. Det året vart det skote 251 hjortar i kommunen nord på øya. 

I Stord kommune vart det førre året felt  194 dyr av ein kvote på 276. I år er det gjeve løyve til felling av 271 hjortar, går det fram av Hjorteviltregisteret.no.  Teljingar på vårparten blir lagt til grunn for kvotane dyr som kan jaktast på, med start 1. september.