Ståldrage – blir nytt møtepunkt på Torget

Det nye møtepunktet på Torget – dragen som snor seg langs trea.

Eit spennande bygge/monteringsarbeid er på gang mellom trea utfor Sparebankbygget på Leirvik Torg. Banksjef Svein Ottesen i Sparebanken Vest  gjev Stordront denne informasjonen om prosjektet:

– Sparebanken Vest løyvde i 2019 ei gåve som skal brukast til trivselstiltak på Torget. Målet var å skapa eit hyggjeleg møtepunkt i sentrum for store og små med gode sitjeplassar.

-Det har vore mange involverte i prosjektet. 5. klassingar har kome med gode idear og forslag, me har hatt ei eiga prosjektgruppe, leia av Roald Kaldestad som har kome med innspel, arkitektkontoret VILL MER ved Jan Erik Rossow har utforma tiltaket og  kulturskulen har malt «skuggen» under benkene. 

Mannskap frå Dåfjorden slipp har klinka benkene saman og står for monteringa på Torget. (Foto: Steinar Hystad)

– Benkene eller installasjonen, skal forestilla ein dragekropp som snor seg mellom trea. I nokre kulturar representerer dragen utfordringar som må overvinnast. Ny erfaring og lærdom blir nye ledd og dragen veks. Akkurat som industrien på Stord har vore med på å byggje samfunnet og kunnskapen gjennom endringar og nye utfordringar. Benkene vert derfor laga etter inspirasjon frå den rike industrihistoria på Stord. Dei er laga i stål, vert klinka saman og vert kledde med treverk på sitjeflata. Det er Dåfjorden Slipp As som står for monteringa. Dei er spesialistar på klinking. Sidan terrenget er skrått vert det mogeleg for både store og små å sitja godt, eller klatra og hoppa.

– Installasjonen får lyseffektar, og komiteen hadde innspel om å bruka dikt av sunnhordlandsforfattarane i kunstverket/klatrestativet/benken, og sendte eit utval av dikt og tekstar til arkitekten. Han valde ut diktet «Vegar» av Per Olav Kaldestad, og dette blir innfelt i metallet.