Meirope opna på Nysæter filial

Nysæter filial og kombinasjonsbibliotek. Foto: Runa Nordahl, Stord kommune

På dei kommunale nettsidene meldes der ar meirope-løysninga på Nysæter filial og kombinasjonsbibliotek no endeleg er klar til å bli brukt!

Ordførar Gaute Straume Epland var innom filialen førre veke. Han fekk opplæring i korleis ein bruker kortlesaren, og opna i same stund offisielt tilbodet for ålmenta.

Med meirope får lånarar som har inngått avtale med biblioteket, låsa seg inn i biblioteket utanom betjent opningstid i visse tidsrom. Brukarane av ordninga må vera over 18 år og ha lånekort. 

For å få tilgong, må du koma innom biblioteket anten på Vikjo eller på Nysæter, og få hjelp frå bibliotekaren i skranken. Dei som allereie har meirope-tilgang på hovudbiblioteket, kan òg bruka kortet sitt på Nysæter.

Nye opningstider Nysæter:

VekedagBetjente opningstiderTilgang med lånekort
Måndag Stengt15.00 – 20.00
Tysdag12-1818.00 – 20.00
OnsdagStengt 15.00 – 20.00 
Torsdag12-1616.00 – 20.00
Fredag Stengt 15.00 – 20.00 
Kortlesaren gjev lånarane tilgong til Nysæter filial utanom betjent opningstid. (Foto: Stord kommune)

Denne saka er henta i si heilskap frå Stord kommune sine heimesider.