60-tals ferjestø mogleg verneobjekt ?

Gamle ferjekaien i Jektavik kan vera eit verneobjekt. (Foto: Steinar Hystad)

I ventefilene på Jektavik Ferjekai kan så mangt diskuterast, og gode spørsmål dukka opp. Som då Stordront.no retta mobillinsa mot det gamle støet og fekk respons frå eit annan ventande som undra på kvifor?

– Er det noko på gang, skal gamlestøet vernast kanskje, sa vedkomande. Og la til at  det har stått slik snart i 60 år, sidan opninga av ferjesambandet mot Flatråker og Huglo om lag midt på 60-talet.

Han har så godt som heilt rett  – einaste som manglar på intakt eldre  og smalt ferjestø er køyrebrua.

Ideen skal visa seg å vera god, for når  kulturrådgjevar Ragnhild Tveit får spørsmål om Jektavik er i verneplanane, er svaret slik:  

– Det var eit interessant innspel. Jektavik gamle ferjekai er ikkje med i kommunen sin kulturminneplan. Men me er i prosessen med å rullera planen og ynskjer alle innspel velkomne. 

– Eg legg til Jektavik gamle ferjekai i lista over mogelge kulturmiljø. Og tek gjerne imot meir informasjon om den gamle ferjekaien/kulturmiljøet og kvifor han burde vernast. Det kan gjerast digitalt Deltakende prosesser – Stord kommune (smartbyene.no) eller ein kan ta direkte kontakt med meg, skriv Ragnhild Tveit i eining for kultur.

Frå opninga av støet i Jektavik – der «Rosendal» sytte for trygg overfart mot Tysnes eller Huglo. (Foto: Tor Resser)