Ut og gå med «Aktiv til 100»

Med start 24. august, blir det fellestur med Aktiv til 100  til gapahuken i Skjephaugen annakvar torsdag frametter. (Foto: Steinar Hystad)

91-åringen fekk spørsmål om kor lenge han rekna med å halda det gåande. Han hadde svaret klart: – Ja, no har eg blitt med på desse turane  til «Aktiv til 100», og reknar då sjølvsagt med at eg blir gåande til 100.

Denne veka starta Stord Fitjar  Turlag opp med sine tre variantar av  desse  nett passeleg lange turane, der det sosiale er like viktig som det å røra på seg.

Måndag var det hauststart  i Hustrudalen på Litlabø, neste blir då om 14 dagar – med trafoen på Vaskeriplanet  som utgangspunkt.  I morgon, torsdag 24., går turen til gapahuken i Skjephaugen, med start frå parkeringsplassen ved skogsinngangen på Heiane. Neste torsdag, 31. august, går turen frå  Møllebrua langs Ådlansvassdraget til gapahuken i Stuvikjo. Slik vekslar  desse to variantane annankvar torsdag frametter.

Ein treng ikkje vera medlem  av turlaget for å vera «Aktiv til 100». Men hugs kopp, det blir servert rykande fersk bålkaffi.