Blei ein livleg turistdag i byen

Mange av cruisegjestene  fekk tips om ting å bruka dagen på  på Stord hjå  Anne Synnøve Lønne frå Visist Sunnhordland. (Foto: Steinar Hystad)

-Ditta va kjekt, slike besøk må me få monge fleire av. 

Utsegna var ei av mange av den positive slaget Stordront fanga opp på  Leirvik,  då det stunda til middagstid onsdag. På  Vikafle  låg  cruisaren «Rotterdam» og i skyttel gjekk  tenderbåtar som frakta storparten av dei 2800 passasjerane til landskjenning på Nattrutekaien.   Etter  å ha passert gjennom «securityen», stoppa mange gjester ved  bordet til Anne Synnøve Lønne frå Visit Sunnhordland og spurde om gode råd for utforsking av dagens destinasjon.  Dei fekk vita om musea , Sunnhordlandstunet og Maritime, dei fekk tips om å gå tur i lendet (jo, det var dei som gjekk til Stuvikjo) og langs hamnepromenaden til Storddøra ( det var det mange som gjorde). Dei fekk vita om Amfi og om det «main street» Borggata. Og dei fekk informasjon om kva oljeindustrien har betydd for kommunen gjennom mange år.

Dei sjøvegsfarande gjestene fekk landkjening på Nattrutekaien. Fem tenderbåtar gjekk skyttel gjennom dagen. (Foto: Steinar Hystad)

–  Diverre, det har me ikkje klart, var svaret til dei som såg etter eit enkelt bykart for Leirvik.  (Ei sak å drøfta vidare  i rådhuset, vart det sagt)

I gatene, på butikkane, på senteret og på kafeane  viste det så absolutt godt at det var ekstrabesøk, Såleis blei det ein  kjekk og livleg dag i hamnebyen.  Sidan sola også blei med på leiken, vart det ein viss sydlandsk stemning over det heile.

– Fin by, her var så harmonisk, sa ein av dei som takka for seg då han passerte «securityen» og gjorde seg til klar til bording av «Rotterdam» og ferda vidare mot Flåm.

I finveret vart det reint sydlansk på Leirvik, med folk i gater og på utekaféane. (Foto: Steinar Hystad)