Vonleg ein test…

Lys i alle pærer onsdag føremiddag. (Foto: Steinar Hystad)

Så rimeleg skal straumen ha blitt, at det vert påstått at ein faktisk kan tena nokre kroner på å bruka mykje av den elektriske  energien. Kanskje låg noko slikt til grunn for at det var lys i alle offentlege led-pærer i området Terminalen/Kaien/Osen på den lysaste del av føremiddagen onsdag?

Vittige tunger, var i alle fall raskt frampå og nemnde ein slik samanheng.  Helst vil me tru at det var snakk om ein test – og såleis kan stordront melda attende at lyset virkar.