Fiks denne i same rennet!

Vatnet finn nye vegar og grev djupt i veggrunnen i gamle Litlabøvegen.

Brukar av turvegen  frå Hustrudalen til Rødkleiv melde i slutten av juli skriftleg frå om at heftig regn hadde vaska vekk 30 meter av grusdekket. Meldaren bad om at kommunen som grunn  måtte  setja turvegen i stand att.

I retur frå kommunalt hald kom denne beskjeden: »Vegavdeliga har liten bemanning grunna pågåande ferieavvikling, men sjølv med full bemanning har vi få ressursar på drift av veg. Framover må vi prioritera kantklypp langs skulevegar og rydding av siktsoner, i tillegg til naudsynte tiltak på køyrevegane for at desse skal vere trygge for gåande og køyrande. Vi vil prioritera utbetring av turvegen så snart som mogleg.»

Når så arbeidet skal gjerast og mannskapet er i traktene, ber  lesar av stordront om at det bli teke med grus til å fylla i  «regn-gropa» som har laga seg  i  gamle  Litlabøvegen (no gang- og sykkeleveg) om lag på høga der  gamlevegen møte «nye» Litlabøvegen  i Lønningsdalen. Han takkar føreåt.