Ønskjer ferjene mellom Sunde og Jektavik

Vil dette ferjemøtemotivet forsvinna frå  strekket Fyrøya – Hidle om ei stund? (Foto: Steinar Hystad)

Mange gonger for dagen kan stordabuen sjå at dei to  ferjene i sambandet Stord-Kvinnherad passerer kvarande melom Fyrøya og Hidle.

Det kan det bli slutt på om Kvinnherad senterparti får gjennomslag for kravet om å flytta støet frå Ranavik  til Sunde og senda ferjene derfrå  gjennom Laukhammarsundet til Jektavik på Stord.

Bak senterparti-kravet  ligg ei undersøking  Ingar Hølland og  Bjarte Eide har gjennomført, med å spørja dei so bur langs fylkesvegen mellom Tofte og Ranavik på Halsnøy om haldning til å flytta ferjene attende til Sunde.  Nesten samtlege støttar ideen – og mest  tel tankane  kring trafikktryggleiken.  Trafikken har auka mykje over øya etter at det vart gratis å køyra  Folgefonntunnelen og Halsnøytunnelen.