Har å gleda seg til

«Voice-paret» Hanne Fagermo og Endre Olsen på Rootsville-scenen på Notodden Bluesfestival. (Foto: Steinar Hystad)

To konsertar laurdag 29. september og ein dagen etter, søndag 30. september – og felles for alle tre konsertane med «Voice-Paret» Anne Fagermo og Endre Olsen er at dei alt er utselde. Dette kan lesast på Frugård Arena sine nettsider.  Stordront kan leggja til at dei heldige med billett(ar)  har ei gild songstund  å gleda seg til.

Førre fredag var me mellom mange hundre som høyrde  Fagermo/Olsen på utescenen Rootsville  midt i sentrum av Notodden Bluesfestival.  På den 35. festivalen i bluesrekkja, var dei to herleg godt røysteføre trubadurane  ført opp med konsert om lag samstundes som veteranane  i Uriah Heep inntok Hovigs Hangar.  Fagermo/Olsen klarte seg svært godt i tevlinga og møtte eit stort publikum som lytta med interesse og takka for song  og musikk med sterk applaus.