Atten «Varden opp»

Frå starten av «Varden opp» – tradisjonsrikt motbakkeløp på Huglo. (Foto: Steinar Hystad)

Innstilte på at det kunne bli blautt i løypa,  trass i at søndagen opprann med blå himmel med noko gult på, stilte atten friskusar på startstreken for det tradisjonelle motbakkeløpet på Nordhuglo. Huglo IL  arrangerer, og løypa  går frå kaien til varden på Høgafjellet  219 meter over  Langenuen.  Undervegs må  myrar forserast, og etter to veker med styrtregn resulterte det i særs våte sko og sokkar for deltakarane. Til topps kom dei alle. Raskast  var Birk Elde, som vann klassen for menn med tid 19,27, Mathilde Caldwell sigra i dameklasse med tida 22,19 medan Ulrik Elde sprang opp til siger i klassen for born med tida 25,16.