Sjarmerte med go’lyd i hamna.

Stødige «Hulda», 47 fot lang. (Foto: Steinar Hystad)

Eit solid snev av maritim nostalgi la seg over Skotabergkaien i middagstida onsdag, då M/S Hulda anno 1908 slo bakk i maskinen og la fint til kai. Ikkje brumming som vanen er blitt i moderne tider, men rytmiske dunk-dunk frå ein  velbrukt og sikker  40hk Wichmann, bygt på Rubbestadneset i 1959. Sidan 1966 har hestekreftene sytt for sikker framdrift for M/S Hulda. Skøyta vart bygd i  Sverige i for 115 år sidan, og var innkjøpt til Rennesøy i 1930, der ho framleis har heimehamna. Har vore brukt til sildefiske, som følgjar til brislingsbruk og ikkje minst til potetføring mellom Ryfylke og Bergen.  Etter 1986 har det mest vore fritidsfarting.

Eigar i dag er Jon Tore Helland. Meir informasjon om Hulda si soge er å finna på båten ei heimeside.