Er nordover beste retningsvalet?

I Lønningsdalen: Tips om å køyra til venstre på E39 og til Leirvik via Sævegen. (Foto: Steinar Hystad)

Skal ein frå Litlabø til Leirvik, blir ein i krysset i Lønningsdalen tipsa om å køyra til venstre  på E39.  Kanskje greitt nok, men det må vera lov å spørja om dette er det absolutt trafikksikraste valet?.

Fordi; – skal ein  nordover (mot venstre)  må E39 kryssast på ein ikkje heilt oversiktleg stad for koma inn i rett vegbane. Meir trafikksikkert vil det vel vera å  velja utkøyring på europavegen sørover (mot høgre) og køyra vidare til Leirvik via rundkøyringa på Vabakkjen. Då er det rett inn i rett fil med ein gong.

Eigne vedtak ligg til grunn når  Vegvesenet set opp retnings-skilt. Kva grunnen er til  nordleg  Leirvik-val i Lønningsdalen, skal  stordront.no freista finna ut av når ferietida er over.