Ta imot velfortent takk

Velstelt langs gang- og sykkelvegen i Lønningsdalen. (Foto: Steinar Hystad)

Me har garantert nemnt det før, men tek det gladeleg oppatt: –  At noko av det kjekkast stordront gjer, er å rosa og takka og notera seg oppløftande hendingar i den samfunnsnyttige plussmargen. I dag kan me såleis senda frå oss to stykk takk og ros.  Den første til den/dei som har køyrt klyppemaskin langs den gamle Litlabøvegen gjennom  Lønningsdalen, og vidare innover mot Landåsvatnet.  Det er blitt velstelt og ope langs mykje brukte turvegar, der det ofte har vore klaga på tettvaksen vegetasjon langs vegskuldrene.

Ros to, går til eigar av sjølve  Litlabøvegen, som (endeleg) har fylt i eit avlangt hol i asfalten på reset før Stuva. No slepp me dumpen i bilen med tilhøyrande  irritasjon, og takkar for det.

Eit irriterande hol i asfalten på Litlabøvegen har fått sitt velfortente påfyll. (Foto: Steinar Hystad)