Med utstikt til Langenuen

Høgskulen har investert i stor og romsleg gapahuk i enden av Lærarskulehagen. (Foto: Steinar Hystad)

Høgskulen på Vestlandet, Campus Rommetveit, har investert i eit sjønært og flott samlingspunkt. Ein stor gapahuk med utsikt rett til Langenuen, plassert ved utgangen av Lærarskulehagen/inngangen til Breivikjo badeplass (og ikkje så langt frå det offentlege «bade-toalettet»).

På gapahukveggen er det hengt opp plakat med  retningsliner for bruken av bygget og anlegget.  Her blir det gjort klart at  gapahuken er  Høgskulen på Vestlandet sin eigedom og er såleis til  høgskulen sin disposisjon. Om ettermiddagen (etter 1600) og i helgane kan ålmenta nytta gapahuken.

I punkt to blir det oppfordra til at fleire turfølgje kan nytta anlegget  samstundes og at brukarane viser omsyn til kvarandre.  Punkt tre  oppmodar til å rydda og forlata  gapahuken slik du sjølve ønskjer å finna han.  Det er ikkje høve til bilparkering i området, og det ikkje lov å opphalda seg i gapahuken mellom 2200 og 0800.