Trong for snarleg vedlikehald

Trong for utbetring av Isdalsvegen. (Foto: Steinar Hystad)

– Det er eit stort trøkk på denne vegen, då det er aktivitetar på skytebanen omtrent kvar dag, og i helgane er det anten utleigd til arrangement eller til skytestemne.  Estimerer til at det køyrer 50 bilar per dag på vegen, ved arrangement er talet klart høgare.

Sitatet er henta frå eit skriftlege oppmoding til dei tekniske tenester i Stord kommune  om snarast å gjennomføra  utbetringar på Isdalsvegen – frå Litlabøvegen innover mot busetnad og skytebane.  Oppmodinga kjem frå styret i Isdal/Dale Velforening.

Det blir vist til at vegen er blitt så høg på midten at bilar tek nede. Her er også eit hol det renn vatn ut av  og ein er redd for at det byrjar bli holt under og at vegen kan kollapsa. 10 hushald og trafikken til skytebane og leirduebane brukar Isdalsvegen jamnt.